Etter ein overtydande start på sesongen, med 6 poeng og 18-3 i målskilnad på dei to fyrste kampane i årets 6.divisjon, var det igjen duka for festfotball i Kvik 2’s bestestove på Rosenborg. Nyoppstarta Fleirkulturelt stod klare på motsett banehalvdel. Ei strålande sol og varme pølser var gode å ha for dei frammøtte på tribuna under den relativt tamme Kvik-framsyninga.

Kampen starta lovande med bra tempo i kula og eit aggressivt Kvik-lag. Det tok ikkje lange stunda før første sjanse var misbrukt. Dei fyrste minutta dannar eit bilete av at denne kampen skal Kvik vinne, men at Fleirkulturelt kan vere skumle dersom laget slepp seg ned.

Etter 8 minutt tek vi oppskriftsmessige leiinga ved Kasper. Tek ned ei langpasning frå Aksel, tek 2 timeterssteg og set ballen kontrollert i lengste hjørnet. Herleg. Like etter sikrar same mann dagens Youtube-augneblink #1, når han bles ballen himmelhøgt over frå Morten Krogstads ferdigscora innlegg.

Etter scoringa slepp vi oss ned nokre hakk til at kampen vert jamnare. Fleirkulturelt spring meir enn nokon andre lag me har møtt, og når vi møter opp med svakt press og dårleg balltempo opna dette etter kvart opp for fleire småfarlegheiter. Difor var det litt lette å spore når Elias set inn 2-0 etter 21 minutt med ein markkrypar frå 18 meter. Denne varer ikkje lenge, for berre minutta seinare utnyttar Fleirkulturelt ei svak klarering frå Kvik-forsvaret, spelar igjennom sin høgre kant som sikkert set ballen i mål på vakkert vis. Heldigvis scorar Kasper 3-1 før pause, med ein kopi av Elias si scoring tidlegare i kampen. Stranda 3, Fleirkulturelt 1. 

Trass 3-1 til pause var dei færraste fornøgd med prestasjonen frå 1.omgang på Rosenborg stadion. 2.omgang er meir oppløftande, med eit betre kollektivt press, og større ro og betre presisjon med ball. Stort sett har vi full kontroll i dei siste 45 minutta av kampen. Det beste Fleirkulturelt har å kome med i 2.omgang er ein sylfrekk tunnel på Tom André. Youtube-augneblink #2.

Rett etter pause aukar leiinga til 4-1, signert Kasper etter strålande assist frå Morten M. Etter 61 minutt står det 5-1. Kvik 2 har ikkje vore bortskjemde med scoringar på dødball, men nysigneringane Einar og Tomas har vist seg sylkvasse på faste situasjonar. Tom André slår ein perfekt corner, og sist på ballen er pannebrasken til Einar. Sterke kontrastar til Martin J si avslutning (klarering?) frå 2 meter minutta før. 

Kampen vert avslutta med Kvik-dominans, og 2-0 i andre omgang spelgar ikkje banespelet. Morten Krogstad vart avblåst for offside tallause gongar. Kven må lese seg opp på offsideregelen av den sorte orm og Morten K? Den let vi henge i lufta. Morten K var også delaktig i kveldens Youtube-augneblink #3, då han saman med Kasper på magisk vis klarte å ende opp med offside og bom på opent mål aleine med keeper. 

Kort oppsummert: 3 viktige poeng, svak 1.omgang, god 2.omgang, fleire episodar som vil verte drege fram i lang tid framover. Måndag 14. mai brettar karane opp ermane, når Kviklokomotivet stoppar på Tiller stasjon.


Kampfakta Kvik 2 - Flerkulturelt

Mål:
1-0. 8 min: Kasper Koppang (Aksel G. Bøhn)
2-0. 21 min: Elias Bergquist-Langlo (Peter M. Stige)
2-1. 25 min: Flerkulturelt
3-1. 38min: Kasper Koppang (Einar Lunåshaug)
4-1. 48 min: Kasper Koppang (Morten Mysen)
5-1. 61 min: Einar Lunåshaug (Tom-André Tomren)

Dagens kvikstjerner:
  Kasper Koppang
  Peter M. Stige
  Einar Lunåshaug

Startoppstilling:
Markus Book Bjerck
Einar Lunåshaug
Martin Jacobsen
Aksel Gustavsen Bøhn
Elias Bergquist-Langlo
Jonas Larsen (K)
Morten Mysen
Peter M. Stige
Audun Grøtta Giske
Morten Krogstad
Kasper Koppang

Bytter:
45 min: Tomas Holmestad inn for Audun Grøtta Giske
51 min: Tom A. Tomren inn for Jonas Larsen
69 min: Even J. Tokerud inn for Morten Mysen
70 min: Magnus Tømmervold inn for Elias Berquist-Langlo
75 min: Magnus Hoff Johansen inn for Kasper Koppang
77 min: Audun Grøtta Giske inn for Aksel Gustavsen Bøhn

  

Neste A-kamp

fre, 21. sep. 2018 19:30
Kvik
Kvik
- : - Statistikk
Kil/Hemne
Kil/Hemne

Tabellen 4. div

# K P
1 Strindheim TF 16 40
2 NTNUI 16 40
3 Charlottenlund 16 29
4 Kil/Hemne 16 25
5 Kvik 17 24
6 Orkla 2 16 23
7 Nardo 2 16 22
8 Hitra 16 22
9 Røros 16 19
10 Meldal 17 19
11 Tydal 16 12
12 Støren 16 7

Tabellen 6. div

# K P
1 Kvik 2 13 39
2 Jonsvatnet 13 29
3 Freidig 13 22
4 Trygg/Lade 2 13 20
5 Tiller 13 19
6 Bratsberg 14 17
7 Flerkulturelt 14 14
8 Utleira 2 14 12
9 Leinstrand 13 1

Neste Kvik 2-kamp

man, 24. sep. 2018 20:00
Freidig
Freidig
-:- Statistikk
Kvik 2
Kvik 2

Følg Kvik på Facebook