vikvarvet away

Torsdag 24. august var det duka for Kvik 2 sin fyrste kamp i haustsesongen. Etter tre strake sigrar på tampen av mai, samt poengtap hjå både Selbu og Mosvik, augna dei blåkvite frå Rosenborg ein sjanse til å stige inn i lokomotivet og dampe i veg mot tabelltopp. Dagens borddekkjar var Vikvarvet, noko som på papiret skulle tilseie grei skuring for svoltne Kvikgutar. Dessverre var ikkje bakrus, ein sjokkert bygut på landsbygda og Rødmyra gras med i den utrekninga.

Kort fortalt ende det med 0 poeng og 0-1 i mot på Rødmyra gras denne torsdagskvelden. Ein sørgmodig start på kampen med pasningskvalitet, innsats og glød milevis under pari, kulminerte i skåring i mot midtvegs i den fyrste omgangen. Trass i ei redning på strek etter heading av Kristian, leda Vikvarvet fult fortent både sjansestatistikken og kampen  til pause.

I pausa vart me einige om å heva innsatsen og prøve å kome oss inn i kampen. Dette resulterer i eit visst trykk frå vår side, utan at det gav resultat i form av scoringar. Sjølv med haugevis av hjørnespark og nokre større sjansar i andre omgang, vinn Vikvarvet i det store og det heile fortent 1-0. Kvik kan takke Markus i mål for at tapet ikkje vart større, han hadde fleire gode redningar i løpet av kampen.     

Det meste gjekk gale denne torsdagskvelden ved Selbusjøens breidde. Ein kunne ane konturane av ei nitrist fotballframsyning allereie i bilen på veg til kamp. At delar av Kviks startoppstilling til tider er prega av glasauge og Mintu-ande er ingen statsløyndom, men når ein ikkje namngitt spelførar frå Tomrefjord treng «ei pustepause» på veg til kamp, vikvarvet away2burde kanskje styrkedrykken kvelden før vorte korka litt tidlegare enn kva som var tilfelle. Dei kvassaste tungene hissar mot trenar Tokerud: Etter massiv kritikk tidlegare i sesongen frå Kvik 2-faderane Larsen og Aspaas, ser ein onsdagens sprell som eit desperat forsøk på å ta Kvik 2 «attende til røtene».

Fenomenet med lagbygging før kamp er for so vidt eit eldgamalt ritual i klubbens historie, og kan såleis ikkje stå aleine som forklaring for lagets prestasjon. Eit like stort problem synast å vere Aksel sitt sjokkerande møte med den norske landsbygda. Midtbanemotoren var før kampen raskt ute og melda om uanstendige avstandar til kamparenaen. Etter køyreturen kunne han spent fortelje om at han på veg hadde sett dei dyra som er avbilda på melkekartongen. I tillegg melde han skeptisk ifrå at kunstgraset såg ut som heilt ekte gras. Midtvegs i kampen fekk han nok av blaute matchballar, og lirte av seg dei orginale glosene «jævla bønder». Noko som stakk djupt i bondehjartet til kaptein Kristian. Aksel fekk aldri ballen i mellomrom etter dette.

Neste kamp er borte mot Tydal 2, ei god moglegheit for å reise kjerringa. Før den tid må mjølkesyra frå hengemyra i Vikvarvet restituerast vekk.

N.B: Stordals Pirlo, Jonas Larsen, var i utgangspunktet ansvarleg for dette kampreferatet, men trakk seg i siste liten frå skrivegjerninga. Grunnlag: «Jeg har aldri skrevet kampreferat fra et tap. Kall meg gjerne medgangssupporter og dårlig taper, men det skjer ikke.»

Altså ei god forklaring på kvifor det finnast so få kampreferat frå Stordal IL sine kampar.

 

ALLE FOTO: Torgeir Hofsmo/Selbyggen Avis

 

 

Kampfakta Vikvarvet - Kvik 2

 

Mål:
1-0. 25 min: Vikvarvet

Dagens kvikstjerner:
★★★ Markus Book Bjerck
★★ Sondre Fossheim
 Aksel G. Bøhn

Startoppstilling:
Markus Book Bjerck
Kristian Kirkbakk
Even Tokerud
Sondre Fossheim
Audun Grøtta Giske
Tom-André Tomren
Aksel G. Bøhn
Peter Martinius Stige
Elias Bergquist-Langlo
Kasper Koppang
Magnus Hoff Johansen

Bytter:
45 min: Jonas Larsen inn for Even Tokerud
45 min: Anders Solberg inn for Audun G. Giske
70 min: Audun G. Giske inn for Elias Bergquist-Langlo
80 min: Nils Ola Aspaas inn for Sondre Fossheim
87 min: Even Tokerud inn for Jonas Larsen

Neste A-kamp

Tabellen 4. div

# K P
1 Levanger 2 22 50
2 Kvik 22 46
3 Namsos 22 46
4 Trygg/Lade 22 45
5 NTNUI 22 37
6 Rørvik 22 28
7 Charlottenlund 22 23
8 Strindheim 2 22 23
9 Vuku 22 21
10 Nardo 2 22 20
11 Vestbyen 22 20
12 Stjørdals-Blink 2 22 14

Tabellen 6. div

# K P
1 Selbu 20 53
2 Kvik 2 20 48
3 Vikvarvet 20 35
4 Mosvik 20 33
5 Trygg/Lade 2 20 32
6 Tangmoen 20 28
7 Tydal 2 20 27
8 Varden 20 25
9 Astor 2 20 15
10 Remyra 20 12

Neste Kvik 2-kamp

Følg Kvik på Facebook