Etter to strake tap var endeleg eit avspora Kviklokomotiv attende på skinnene med ein storsiger mot Tangmoen på Rosenborgbana. Dermed var det duka for eit realt «Topp mot botn»-oppgjer når Kvik 2 entra Astor Kunstgras måndag 29. mai. No skulle lokomotivet oppatt i fart. Og for Astor 2 viste det seg at det vart vanskeleg å halde fylgje.

Astor 2 stilte etter rykta med sitt sterkaste mannskap for sesongen, og trenar Tokerud var før kampstart på at sigeren ikkje kunne innkasserast på førehand. «Den konklusjonen kan me heller ta i pausa» ljoda PetervsAstorbeskjeden før dommaren bles i gong kampen. Velvalde ord, for Astor starta kampen best på den knuskturre og harde matta. Fyrst etter to hjørnespark i mot og ei god redning frå Markus tok Kvik fatt på å trille ball på den luggande bana. Sakte, men sikkert, fann laget rytmen, og spelte til tider ball i hatt med dei raudkledde frå midtre Byåsen. 15 minutt ut i omgangen trer Lars ei stroken gjennombrotspasning til Peter, som set ballen sikkert i mål aleine i møtet med målvakta til Astor. Skåring nummer to er signert same mann, denne gong med Tom-André som servitør. Begge måla kjem etter nydeleg kombinasjonsspel på midtbana.

Etter skåringane fell kvaliteten i banespelet betrakteleg, og Astor kjem meir med i kampen. Trass dette set målsniken Hoff inn 0-3 etter 39 minutt etter pasning frå Audun. Like etter skårar Astor etter svakt forsvarsspel frå heile Kviks bakre rekke. Innkastet på venstre side rullast opp og endar med skåring frå motsett kant. Likevel er Kvik bra fornøgd med 1-3 til pause og til tider mykje godt spel.

I andre omgang var laget fast bestemt på å halde trykk og tempo oppe, og omgangen startar nett slik. Astor vert springande mykje i mellom og Kvik eig store delar av ballinnehavet. Etter 52 minutt set Peter sitt tredje for dagen til 1-4 med eitt av årets flottaste mål. Servitør Hoff set deretter sitt andre for dagen i det Elias vert spelt fri på venstrekanten etter ei flott opprulling.

EliasvsAstorAstor hadde til dette tidspunktet i kampen vore seine i stort sett alle duellar, og etter 67 minutt vart Aksel takla stygt og måtte bytast ut med ei skade i ankelen. Her merka me verkeleg saknet etter Martin Sommer, når ein såg underteikna sitt puslete og litt pinlege forsøk på å seie ifrå til gjerningsmannen at dette var uakseptabelt. Han hadde nok neppe sloppe like billeg unna med Martin på bana.Etter taklinga dett kvaliteten på Kviks spel nokre hakk, og Astor er frampå med nokre små skremmeskot. Etter 77 minutt set dei inn reduseringa til 2-5, før Audun roar nervane rett før slutt med si 2-6 skåring. På tampen av overtida skårar Astor på ein retur etter ei redning frå Markus, og dommaren bles av kampen til 3-6 siger for Kvik.

Alt i alt tre viktige poeng etter ein kamp med tidvis mykje godt spel frå bortelaget. Ekstra gledeleg var det at spelande trenar Even Tokerud var tilbake etter skade med 20 minutts spel i andre omgang. Ein viktig tilvekst før haustsesongen i ein slank elles slank og skjør Kviktropp. I tillegg er det alltid moro å sjå at jernbanedirektør Nils Ola Aspaas framleis dug til meir enn å servere bananar og skjenke whisky!

Heia Kvik!

 

Kampfakta

Mål:
0-1. 15 min: Peyer M. Stige (Lars Almås)
0-2. 20 min: Peter Stige (Tom-André Tomren) 
0-3. 39 min: Magnus Hoff Johansen (Audun G. Giske)
1-3. 40 min: Tore Østmo
1-4. 52 min: Peter M. Stige (Magnus Hoff Johansen)
1-5. 55 min: Magnus Hoff Johansen (Elias Bergquist-Langlo)
2-5. 77 min: Tore Østmo
2-6. 89 min: Audun G. Giske (Lars Almås)
3-6. 91 min: Tore Østmo

Dagens kvikstjerner:
★★★ Peter Martinius Stige
★★ Magnus Hoff Johansen
 Lars Almås

Startoppstilling:
Markus B. Bjerck
Vegard Klund
Kristian Kirkbakk
Sondre Fossheim
Audun Grøtta Giske
Peter M. Stige
Lars Almaas
Aksel G. Bøhn
Elias Bergquist-Langlo
Magnus Hoff Johansen
Tom-André Tomren
 

Bytter:
45 min: Jonas Larsen inn for Lars Almås
45 min: Håvard Stranda inn for Audun Grøtta Giske
67 min: Audun Grøtta Giske inn for Aksel G. Bøhn
70 min: Even J. Tokerud inn for Elias Bergquist-Langlo
74 min: Lars Almås inn for Peter M. Stige
80 min: Nils Ola Aspaas inn for Magnus Hoff Johansen

Neste A-kamp

søn, 20. aug. 2017 14:00
Kvik
Kvik
- : - Statistikk
Strindheim 2
Strindheim 2

Tabellen 4. div

# K P
1 Trygg/Lade 10 21
2 Namsos 10 21
3 Kvik 10 19
4 NTNUI 11 19
5 Nardo 2 9 16
6 Levanger 2 9 15
7 Rørvik 8 13
8 Vestbyen 10 10
9 Strindheim 2 9 9
10 Stjørdals-Blink 2 9 6
11 Vuku 10 6
12 Charlottenlund 9 4

Tabellen 6. div

# K P
1 Selbu 11 28
2 Kvik 2 10 24
3 Trygg/Lade 2 11 23
4 Mosvik 11 23
5 Tydal 2 11 16
6 Tangmoen 10 15
7 Varden 11 15
8 Vikvarvet 12 14
9 Nidelv 2 11 7
10 Astor 2 11 5

Neste Kvik 2-kamp

tor, 24. aug. 2017 19:00
Vikvarvet
Vikvarvet
-:- Statistikk
Kvik 2
Kvik 2

Følg Kvik på Facebook