Fredag 12. mai var det duka for ny kamp på solfylte fort Rosenborg for FK Kviks nest beste menn. Etter fire strake sigrar var det duka for storoppgjer når Trygg/Lade 2 stilte på motsett banehalvdel. Laget som før sesongen var tippa som avdelingsvinnar i 6.divisjon avdeling 03 av diverse bettingselskap, men som etter ein heller svak sesongstart allereie låg fleire godsvogner bak eit dampande Kviklokomotiv. Skulle eit Kvik 2 i frammarsj hekte av seg tittelfavoritten allereie før halvspelt sesong?

Forutsetningane for det var omtrent fordelt 50/50 for og imot. På den eine sida ser ein eit Kvik 2 med 4 strake sigrar, flest scora mål, færrast innslupne mål, fullsette tribuner, strålande vêr og ein Roar Stubbe bak mikrofonen i speakerbua. I tillegg var det 586 dagar sidan sist Kvik 2 tap på Rosenborg, samstundes som at laget var ubesigra på det nye kunstgraset. 18596429 10155061367887247 1222463694 oPå motsett side av skråstreken finn ein ei skadeliste så lang som Nils si merittliste i Kvik og ein liten reservebenk beståande av blant anna ein halvskada omskolert midstoggar og ei målvakt med strekk i armane og ein nyleg fortært kebab i buken. Heldigvis hadde vi fått låne tre spelarar frå 1.laget for anledninga; Martin K, Martin J og Edvard. Dagens kampleiar er same unge herremann som hadde hendene fulle under blodbadet mot Bratsberg på Solbakken kunstgras  i haust. Dagens kamp skulle heldigvis gå litt finare føre seg.

Kampen blåsast i gong og coach Tokerud sine spådomar kom straks til sin rett: I motsetning til andre lag me har møtt i årets avdeling, kjem ikkje Trygg/Lade til å gi oss ballen ved å slå den langt, men heller prøve å spele seg ut og behalde den sjølv. Laga skifta på å halde på ballen og forsøke å trenge igjennom motstandaren sine respektive forsvar. Diverre lukkast Trygg/Lade fyrst, og sette inn 0-1 etter ei gjennombrotspasning mot deira venstre kant. Skuffelsen var kortvarig, for i angrepet etter utliknar Aksel. Martin K slår inn frå kanten mot Aksel som har mann i rygg på 16 meter. Han snur på ein femøring og skyt på halvspretten. Fin scoring. Kvik må likevel gå slukøyra til pause med 1-2 i sekken, etter ei scoring på tampen av omgangen, der ein Trygg/Lade spelar mutters åleine får ta ned nedfallsfrukta etter ein corner.

I pausa er alle einige om at tempo, presisjon og ikkje minst humør må opp. Trygg/Lade legg seg lavt og satsar på kontringar i den andre omgangen, og Kvik stangar i mot eit godt forsvar og slit med å produsere målsjansar. På ein corner går Trygg/Lade opp 1-3, og sikrar seg eit godt grep om alle dei tre poenga. Etter dette vaknar Kvik, og skapar fleire gode sjansar som kunne enda i scoring. Scoringa kjem diverre ikkje før langt ut i overtida, då Martin K scorar etter eit frispark. Det siste som skjer i kampen, og alle poenga hamnar hjå bortelaget.

Ser ein vekk i frå nokre store Trygg/Lade sjansar, kunne eit Kvik med litt tur fått med seg poeng mot Trygg/Lade. Det var likevel banens beste menn som drog  ein fortent siger i land på Rosenborgbana denne fredagen. Søndag 21. mai 20:00 møter vi Mosvik på Dalgård, en kamp som er minst like viktig. Møt opp og støtt eit utkvilt Kviklokomotiv som skal forsøke å kome seg attende på vinnarsporet. Vonleg er skadelista litt kortare til då.

 

Kampfakta

Mål:
0-1. 23 min: Trygg/Lade
1-1. 24 min: Aksel Gustavsen Bøhn (Martin Kristoffersen)
1-2. 38 min: Trygg/Lade
1-3. 65 min: Trygg/Lade
2-3. 90 min: Martin Kristoffersen

Dagens kvikstjerner:
★★★ Aksel Gustavsen Bøhn
★★ Martin Kristoffersen
 Håvard Stranda

Startoppstilling:
Edvard Ellingsrud
Vegard Klund
Kristian Kirkbakk (K)
Martin Jakobsen
Håvard Stranda
Audun Grøtta Giske
Lars Almaas
Aksel Gustavsen Bøhn
Martin Kristoffersen
Tom-André Tomren
Magnus Hoff Johansen

Bytter:
37 min: Elias Bergquist-Langlo inn for Audun Grøtta Giske
45 min: Audun Grøtta Giske inn for Martin Jakobsen
75 min: Sondre Fossheim inn for Vegard Klund

Neste A-kamp

man, 14. aug. 2017 19:30
Levanger 2
Levanger 2
- : - Statistikk
Kvik
Kvik

Tabellen 4. div

# K P
1 Trygg/Lade 10 21
2 Namsos 10 21
3 Kvik 10 19
4 NTNUI 11 19
5 Nardo 2 9 16
6 Levanger 2 9 15
7 Rørvik 8 13
8 Vestbyen 10 10
9 Strindheim 2 9 9
10 Stjørdals-Blink 2 9 6
11 Vuku 10 6
12 Charlottenlund 9 4

Tabellen 6. div

# K P
1 Kvik 2 10 24
2 Selbu 9 22
3 Mosvik 8 19
4 Trygg/Lade 2 8 16
5 Varden 8 12
6 Tydal 2 7 9
7 Tangmoen 6 6
8 Vikvarvet 7 5
9 Remyra 7 3
10 Nidelv 2 7 3

Neste Kvik 2-kamp

tor, 24. aug. 2017 19:00
Vikvarvet
Vikvarvet
-:- Statistikk
Kvik 2
Kvik 2

Følg Kvik på Facebook