Eit tilsynelatande ustoppeleg kviklokomotiv møtte Bratsberg til vårens vakraste eventyr på Rosenborg. Ville togskinnene Kvik2 har kjørt på verte offer for solslyng denne varme junidagen?

Gratis inngong, kake og kaffi gjorde at publikum storma til Rosenborg. Publikum hadde ein kvinneleg prosentandel høgare enn alkoholvolumet til Trøndelags sterkaste «hæmkok», som på ingen måte er uforståeleg. Sexyness, sjarm og svette er dei tre S-ane Kvik2 baserar seg på, noko som ser ut til å appellere til kvinnene.

Motstandar var Bratsberg. Laget er kjent for ein hardkjempande spelestil, og av tidlegare møter fortalde lokførar og konduktør av kviklokomotivet, Nils og Jonas, om eit tidlegare møte mot Bratsberg: Possession 95-5 i Kvik 2 sin favør, men fire dødball-mål i mot og tap 0-4. Å spele mot store kjøleskap frå Bratsberg er kanskje ikkje musikk i Kvik 2-spelarane sine øyrer, men med ein muskuløs keeper, endå meir muskuløse menn i den bakre trear, tre dynamiske midtbanespelarar med komplementære eigenskapar, to våryre og løpssterke hingstar på vingbackane, og ein duo på topp som gjer fotball til kunst slik Lennon og McCartney gjorde med musikk, var Kvik 2 klar.

Det utvilsamt største høgdepunktet kom allereie halvtimen før avspark. Trenar Tokerud stelte til edlare delar i det dommaren spurde kven som var trenar for Kvik 2. Som den ærlege sjela Tom Andre er, forklarte han: «Han som står og grev». Dommaren gjekk bort for å helse på Tokerud. Sidan Even var klar over den lite tiltalande høgrehanda si lokalitet tre sekund tidlegare, rekte han fram venstrehanda. Dommaren såg rart på Even, og Even såg rart på dommaren. Dommaren ville faktisk helse med høgrehanda, trass den noko uhygieniske plasseringa. «Sikkert ei sær praktisering av fem-sekunders-regelen», tenkte Tokerud og helste hjartleg på kampleiaren. At hendinga påverka dommaren er heva over ein kvar tvil. Den dyriske territoriums-makeringa frå Tokerud si side kan ha gjort at dommaren følte seg trua, og rett og slett ikkje følte seg heime på Rosenborg denne kvelden.

Kampen kom i gong, etter ei kort og ineffektiv oppvarming for vår del. Etter å ha smakt på dei ti trauste minutta ropte Sjefskokk Tokerud: «Vi treng meir krydder!». Dei ti andre kokkane på Kvik 2 såg på kvarandre og nikka. Krydder skulle det bli. På sitt beste kan Kvik 2 sy seg framover på bana med kombinasjonar som er like komplekse som ei månelanding, og samstundes vakre som Sissel Kyrkjebø. Det er denne champagnefotballen som har gjort Kvik 2 verdskjent i 6. div. avd. 5. Difor var det trist å sjå vakre kombinasjonar ikkje verte omsett i målpoeng. For sjansar var det nok av. Magnus Hoff som scora to i møtet mot Klæbu på sundag, tenkte tydelegvis meir på morgondagens eksamen, og avsluttingane minna om ein viss dombøling på standplass. Spelet føregjekk i stor grad på Bratsberg sin banehalvdel, men Bratsberg var ved eit par tilfelle farleg frampå på dødball. Vår eminente panter i buret, Markus Johansen, boksa og plukka nedfallsfrukta like lett som økologisk lettrømme.

Kampen gjekk mot pause og eit frustrerande 0-0 resultat. Men kva er ein 6.divisjonskamp utan ei 6. divisjonstakling? Svar: ein dårleg 6. divisjonskamp. Dette kunne ikkje Bratsberg vere kjent av, så i det 45. speleminutt vart o’store Tokerud offer for ei takling om lag like skremmande som tanken om at Donald Trump i nær framtid kan verte verdas mektigaste person: klipt ned bakfrå av Bratsberg sin kaptein, som berre ti sekund tidlegare hadde delt ut ei olboge til Magnus Hoff. Den elles sympatiske kapteinen meinte Hoff til liks med L’Orèal fekk olboga «fordi du fortenar det». Uansett, Tokerud vart klippa ned av same mann og gummigranulat spruta i raudskjæret frå solnedgangen. Ville kortet ha same valør som den vakre himmelen over Rosenborg? Den karrieretrugande taklinga resulterte i eit gult kort, det same som Tokeruds blodhund, Hans Husøy, fekk etter å ha kalla eksekutøren for ein «idiot». Eit slikt superlativ høyrer ingen stad heime.  

Pausesignalet har neppe vore meir naudsynt, for det kokte for både støtteapparat, spelarar, tilskodarar og styremedlemar. Kviklokomotivet, med lokførar Nils og konduktør Jonas, har vore på togreise i 6. divisjon før, og med sine balsamerande stemmer og pedagogisk kløkt, vart pulsen til vinnarvante Kvik2-gutar senka.  

Andre omgong starta med ein Bratsberg-offensiv som rysta Kvik-gutar med pausepuls. Corner på corner og andreballar som landa i beina på Bratsberg. Kvik2 sine oppspelspunkt hadde grodd fast på topp, og bølgje på bølgje med Bratsberg-angrep skylte inn over vår 16-meter. Målvakt Markus hadde full kontroll på X antal cornerar, men den eine gongen Markus var sjanselaus redda den vesle, men store Jonas Larsen sine kollegaar med eit vakkert hovudstøt på strek. Med dette har Larsen brukt opp årets heade-kvote, well spent!

Larsen sitt hovudstøt var vendepunktet i andre omgang. Dei neste 20 minutta viser Kvik 2 kvalitetar som ikkje burde eksistere i 6. divisjon. Innside- og utsidepasningar, flikk, veggspel – you name it. Kvik 2 brodderar seg ut til Bjørnar og Audun som kjem rundt på kantane sine, men Tom Andre og Hoff som skal stange innlegga i mål, står på midtsirkelen med hoftefeste og ein laktatverdi som ikkje eignar seg på trykk. Difor er det neste som skjer mildt sagt sjokkerande.Martin finn ein (framleis) midtbaneplassert Tom Andre med ryggen mot mål. Han vendar elegant vekk oppassar og krummar nakken. Han har med seg Bjørnar, Audun og Hans, som alle er betre plassert i det Tomrefjordekspressen bevegar seg mot 16-meteren. Men når Tom sansar mål, sansar han inkje anna (gamalt jungelord). Etter å ha tilbakelagt 40 meter på knappe 3 sekund slenger Tom fram foten frå 13 meter. Ballen trippar midt i mål, via keeper og inn. Ei frykteleg svak avslutting, og Tom går rett ned i kneståande og hiv etter pusten. 

Etter scoringa luntar ein totalt utslitt Hans mot benken for å fukte sine tørre luftrør. Medan begge laga gjer seg klar til avspark, vandrar Hans gjennom midtsirkelen for å finne sin posisjon. To meter før han er ute av den bles dommar i fløyta. Han meinar Hans halar ut tida og deler ut eit gult kort. Bratsberg-spelarane er klar over at han fekk gult kort også i fyste omgang, og ropar av full hals at han må bli utvist. Som den ærlege sjela Tom Andrè er, prøvar han overtale dommar om at det var han som fekk gult i fyste omgang. Dommar blar i sine notat og bit ikkje på målscoraren sitt lureri. Han finn Kvik2-spelar nummer 13 og delar ut det andre gule kortet til ein av Guds beste born. Husøy klarte med dette å verte utvist utan å lage eit einaste frispark i løpet av sine 74 minutt på bana. Eit kunststykke av ein prestasjon.

Stemninga på Rosenborg er trykka. På benken riv Nils seg i håret han ikkje har. På bana kan spelarane kjenne hjarteslaga hjå dei nervøse kvinnelege tilskodarane som har avsett dyrebar tid til å sjå sine svette heltar i aksjon. Husøy på den andre sida, meskar i seg kake og kald kaffi og synast nøgd med tilværet, medan lagkameratane må jobbe doble skift. Husøy er roleg fordi han veit at Kvik 2 sin nummer 10, Klund sr., er bytta inn. Rett frå si trenargjerning og inn på topp, snakk om stjerne. Like høg stjernefaktor var det ikkje på avsluttinga frå kloss hald etter eit lisse-innlegg frå Tom. Der alle trudde kampen skulle bli punktert, varta ein god Bratsberg-keeper opp med ei verdsklasseredning. Det store trykket mot Kvik2-målet kom eigentleg aldri, mykje grunna utretteleg innsats av heroiske Kvik2-spelarar. Gjennomvåte av svette kunne alle som var på Rosenborg denne vakre junikvelden (sett vekk i frå dommar og Bratsberg-folk) rette armane i veiret og kjenne på smaken av tre poeng og nydelege kaker.

Kvik 2 tek med dette ferie, nokon lengre enn andre. Etter lang og tru teneste flyttar keeper Markus Johansen sørover til Hamartraktene, og etter ein hjarteskjerande og gripande farvel i garderoba var intet auge tort. Vi takkar Markus for innsatsen og håpar på eit snarleg gjensyn. Etter den vakre avskjeden tok den kyniske Bjørnar ordet, og masa om manglande betaling av treningskontigent.

Så etter ein fotballkamp for historiebøkene, ein vakker og ein kynisk avskjedstale, og eit deileg jubelrop, kunne Kvik2 ta fotballferien 2016 på ein velfortent tabelltopp.


Men hugs, gutar: det bles alltid på toppen.

 

 

 

 

Tusen takk til Anna-Siri Wengen som stilte opp som fotograf. Flere bilder fra kampen kan ses her.

Bratsberg har også publisert referat fra onsdagens kamp. Det kan leses her. 

 

ALLE FOTO: Anna-Siri Wengen. 

 

 

Kampfakta

Mål:

1-0. 73 min: Tom (Martin)

Dagens kvikstjerner:

★★★ Markus Johansen

★★ Tom-André Tomren, Martin Sommer Leiknes

★ Jonas Larsen, Even Tokerud

Følgende var i aksjon:  
Markus J.
Martin
Kristian
Sondre F. 

Bjørnar
Even
Jonas
Hans
Audun

Tom-André
Magnus H. (Fredrik)

 

Neste A-kamp

lør, 06. mai. 2017 16:00
Kvik
Kvik
- : - Statistikk
Rørvik
Rørvik

Tabellen 4. div

# K P
1 Namsos 2 6
2 Nardo 2 2 6
3 Kvik 3 5
4 Rørvik 1 3
5 Vuku 2 3
6 NTNUI 2 3
7 Stjørdals-Blink 2 3 3
8 Vestbyen 3 3
9 Trygg/Lade 3 2
10 Levanger 2 2 1
11 Strindheim 2 2 1
12 Charlottenlund 1 0

Tabellen 6. div

# K P
1 Kvik 2 3 9
2 Mosvik 2 6
3 Varden 3 4
4 Tydal 2 1 3
5 Selbu 2 3
6 Astor 2 2 3
7 Trygg/Lade 2 2 3
8 Vikvarvet 2 1
9 Tangmoen 1 0
10 Remyra 2 0

Neste Kvik 2-kamp

tor, 04. mai. 2017 20:00
Kvik 2
Kvik 2
-:- Statistikk
Tydal 2
Tydal 2

Følg Kvik på Facebook