kvikmosvik8

 

Inspirert av frigjeringsdagens presens, ynskte Kviklokomotivet å manifestere sine eigne, store håp og draumar for sesongen: Å rykke opp til nivå seks i norsk fotball. Med steikjande sol, kvikksylv snikande mot 20-talet, gratis kaffi til frammøtte og ei knusktørr kunstgrasbane,  var det på årets fyrste sumardag (kjelde; facebook-feeden til underteikna) duka for «en fantastisk dag for fotball dere».

På motsett banehalvdel stod Byåsen. Med fire lag på 4 poeng i sesongopninga, ville tre poeng vere viktig for å halde fylgje i toppen. Trener Tokerud kunne rå over sesongens største kamptropp, og eit dampande Kvik starta kampen meir på tåhev enn Byåsen. 1-0 er signert Håvard, etter fin frispeling frå Elias. Via ein motspelar og roleg i mål. 2-0 er eit fint mål: Hans slår eit frispark tidleg til Elias, som slår tidleg inn til Tom-Andrè som kjem på eit nydeleg løp i boks. Ingen feil, og sikkert i kassa. På 3-0 er Byåsen igjen tatt i å vere uoppmerksame. Elias slår i bakrom, og der er det få som følgjer Håvard. Karen frå Rognan set ballen sikkert i mål aleine med keeper. Litt seinare er Tom-Andrè frampå igjen, som etter eit fin soloraid tuppar ballen i mål frå 11 meter.

Etter 35 meget gode Kvik-minutt slepp Byåsen meir til dei siste 10 minutta av omgangen. 4-1 kjem etter pasning i bakrom etter at Byåsen bryt på midtbana. Sikre kjelder kan bekrefte at målscorar ligg 2 meter i offside. Det skal nevnast at dagens gulkledde ikkje hadde sin heldigaste dag på jobben. Dette toppa seg på slutten av omgongen; Kvik får frispark langs sidelinja på midtbana, og dommer gir Byåsens venstreback tilsnakk. Når dommaren so bles i gong spelet før byåsenbacken har fått anledning til å kome seg på plass, ser Sondre sitt snitt i å sende Elias av garde på løpetur aleine langs venstresida til Byåsen. Elias har tydelegvis lært litt av kvart av Bjørnar, og sender like so godt eit innlegg i boge over keeper og i mål. Solid 5-1-leiing til pause.

2.omgong er på ingen måte 45 minutt fylt med kvalitetsfotball. Mykje av aktiviteten tek føre seg på midt på bana, lengst vekk frå målet til nokon av laga. Kviklokomotivet verka rett og slett å vere tome for kol. Midt i omgangen vert Byåsen snytt for straffespark. Her reddar dommaren seg lekkert inn på slutten av kampen: Ein Byåsenspelar bommar på ballen, treff Martin i leggen, og får tildelt straffespark. To vrange vert jo som kjent ein rett. Straffesparket endar i mål, som ei av to unødvendige reduseringar for Byåsen dei siste 10 minutta av kampen. 5-3 er likevel meir enn nok til å sikre 3 kjærkomne poeng.


 

Kampfakta
Av: Even Tokerud 

Mål:
1-0. Håvard (Elias)
2-0. Tom-André (Elias) 
3-0. Håvard (Elias)
4-0. Tom-André (Håvard)
4-1. Byåsen
5-1. Elias (Sondre F.)
5-2. Byåsen
5-3. Byåsen

Dagens kvikstjerner:

★★★ Elias Bergquist-Langlo

★★ Sondre Fossheim, Håvard Stranda

★ Tom-André Tomren 

Neste A-kamp

man, 14. aug. 2017 19:30
Levanger 2
Levanger 2
- : - Statistikk
Kvik
Kvik

Tabellen 4. div

# K P
1 Trygg/Lade 10 21
2 Namsos 10 21
3 Kvik 10 19
4 NTNUI 11 19
5 Nardo 2 9 16
6 Levanger 2 9 15
7 Rørvik 8 13
8 Vestbyen 10 10
9 Strindheim 2 9 9
10 Stjørdals-Blink 2 9 6
11 Vuku 10 6
12 Charlottenlund 9 4

Tabellen 6. div

# K P
1 Kvik 2 10 24
2 Selbu 9 22
3 Mosvik 8 19
4 Trygg/Lade 2 8 16
5 Varden 8 12
6 Tydal 2 7 9
7 Tangmoen 6 6
8 Vikvarvet 7 5
9 Remyra 7 3
10 Nidelv 2 7 3

Neste Kvik 2-kamp

tor, 24. aug. 2017 19:00
Vikvarvet
Vikvarvet
-:- Statistikk
Kvik 2
Kvik 2

Følg Kvik på Facebook