Same procedure as every year?
- August 2015: Kvik 2 slår Klæbu 2-3 på bortebane. Svak opptreden, heldig siger.
- August 2016: Kvik 2 slår tabelljumbo Byneset 2-3. Svak opptreden, heldig siger.
- August 2017: Kvik 2 taper første seriekamp etter ferien 1-0 mot Vikvarvet. Grusom opptreden, fortent tap.
- August 2018: Kvik 2 kriger inn 2-3 siger mot Bratsberg på Solbakken. Svak opptreden, heldig siger
Det var likevel lite som tyda på at Kvik 2 skulle ha eit kompleks mot å starte opp at med balleik etter ei lang fotballpause. Nationalkameratene let heimelaget trille ball og styre det meste av spelet. Etter 8 minutt rullar Kvik opp eit mønsterangrep, og den heimvendte son Kasper Koppang, slår inn lågt frå dødlinja. Morten Krokstad har reist land og strand med svigers i sumar på jakt etter målteft, og dukka opp på framre stolpe akkurat i riktig tid. 1-0, og det dansast framleis i Russland.
Kvik held fram med å trille ball, utan å by på dei heilt store sjansane. I det 35. minutt ser Martin A. Berge seg lei av å spele ball fram og tilbake på midtstreken, og tek like gjerne saka i eigne bein. Med den mest utsøkte overstegsfinta som er utført på Rosenborg, dreg han seg forbi svimle Nationalkameratar, og set ballen i mål frå 10 meter. Ein udiskutabel kandidat til Årets mål, og "Who the f*** is Stige??" rungar ut over Rosenborg.
Kvik går til pause med ei komfortabel 2-0 leiing, og er godt nøgd etter godt gjennomført omgang, der vi vant det meste av duellar og Nationalkameratene sjølv fekk til lite offansivt. Skulle vi endeleg kvitte oss med "Første kamp etter ferien"-spøkelset, og kontrollere inn ein komfortabel siger?
Alt som høyrast for godt ut til å vere sant, er som regel det. I 2. omgang misser vi totalt aggressiviteten vi hadde i første omgang, avstandane mellom oss blir for store, og vi får omtrent ikkje til å sy saman tre pasningar innad i laget. Nationalkameratane pressar oss bakpå, men utan å skape dei heilt store sjansane.
Frå 74 minutt og utover er det Hawaii-stemning på Rosenborg: Nationalkameratene reduserar etter at ein corner dett ned i feltet på 6-7 meter. Sløvt av oss, og 2-1. Einar set inn 3-1 på corner like etterpå. Om det var hovud, skulder, kne eller tå han scora med er endå ukjent. Fem minutt seinare scorar Nationalkameratene etter ein duell inne i 16-meteren. Når Kasper Koppang omtrent rett frå avspark set inn 4-2 aleine med keeper, må vel kampen vere avgjort? Neida, like raskt kjem reduseringa etter nok eit hjørnespark. Dei siste 5-6 minutta pressar Nationalkameratane på for utlikning, men vi rir heldigvis av stormen og sikrar oss 3 viktige poeng.
Vi tek med oss ein god første omgang, og gode prestasjonar frå debutantane Robin Holden og Rudi Lassesen. Einar leverer ein svært solid 1.omgang, og er avgjerande med mål og målgivande i 2.omgang.
Heia Kvik!
⚽=⚽
Bilete frå kampen her
Kampfakta Kvik 2 – Nationalkameratene
Mål:
1-0. 8 min: Morten A. Krokstad (Kasper Koppang)
2-0. 35 min: Martin A. Berge (Elias Bergquist-Langlo)
2-1. 74 min: Nationalkameratene
3-1. 79 min: Einar Lunåshaug (Tom-André Tomren)
3-2. 85 min: Nationalkameratene
4-2. 86 min: Kasper Koppang (Einar Lunåshaug)
4-3. 88 min: Nationalkameratene
Kvik-børsen:
★★★ Einar Lunåshaug
★★ Robin Holden, Martin A. Berge
★ Kasper Koppang
Startoppstilling:
Adrian Kotte
Even J. Tokerud
Martin H. Jacobsen (K)
Sondre Fossheim
Robin Holden
Audun G. Giske
Tom-André Tomren
Martin A. Berge
Einar Lunåshaug
Kasper Koppang
Morten A. Krokstad
Bytter:
34 min: Elias Bergquist-Langlo inn for Audun G. Giske
34 min: Aksel G. Bøhn inn for Einar Lunåshaug
45 min: Rudi Lassesen inn for Even J. Tokerud
56 min: Jonas Larsen inn for Kasper Koppang
68 min: Audun G. Giske inn for Martin A. Berge
68 min: Einar Lunåshaug inn for Morten Krokstad
74 min: Even J. Tokerud inn for Sondre Fossheim
84 min: Kasper Koppang inn for Robin Holden
84 min: Martin A. Berge inn for Tom-Andrè Tomren.
Gule kort:
64 minutt: Morten A. Krokstad, Nationalkameratene
90 min: Aksel G. Bøhn
90 min: Kasper Koppang